Ja, frøken Nilsen er medvirkende teater for ungdom. Av og med skuespiller Randi Mossing i rollen som Frøken Nilsen. Forestillingen turnerer kirker og Den Kulturelle Skolesekken februar - april 2025.

Ja, frøken Nilsen SAND KIRKE 18.10
8.
Ja, frøken Nilsen SAND KIRKE 18.10
Medvirkende teater for ungdomstrinnet
JA, FRØKEN NILSEN
Sted: SAND KIRKE
Dato: Fredag 18.10
– 9.trinn klokka 10.30-11.25,
– 10.trinn klokka 12.15-13.10
Den Kulturelle Skolesekken Suldal:
https://www.denkulturelleskolesekken.no/utforsk-produksjoner-i-dks/?produksjon=16128
Kva handlar teaterførestillinga «Ja, frøken Nilsen» om?
Total ro og orden herskar i lærarinne Otilie Nilsens liv. Året er 1925. Det same året ser verda ein ny type slave, den kallas robot.
Ein dag får lærarinna eit brev frå soknepresten. I brevet fortel soknepresten om ein ung mann ved namn Ambroius. Ambrosius har lovbrot og vald i si historie.
Kan Ambrosius få ei ny sjanse? Er det riktig at Otilie Nilsen som skikkar seg vel skal ta omsyn til han som har hamna på utsida? Eller har Otilie Nilsen, respektert lærarinne og kyrkjesongar, ei straffbar handling på samvitet sjølv?
Teaterførestillinga er medverkande, den tek i bruk verkemiddel frå scenekunsten, men i handlinga møter publikum referansar til norsk kulturarv, kunstig intelligens og diktatur. Rolla Otilie Nilsen hentar si inspirasjon i Ibsens rottejomfru, og temaet robotar kjem frå Karel Capek si førestilling R.U.R frå 1925.
Førestillinga stiller mest av alt spørsmålet om kva Otilie Nilsen gjer når den framande bankar på døra?
Randi Mossing er skodespelar og songar. Saman med scenograf Mari Haugerud og regissør Ida-Kristin Tovstaul, er det dei som har laga denne førestillinga.

